Steinjillt

Steinjillt

Den 25. juni 2022 blir det oppstart Steinjillt i Hadlandsvegen 150.  Me har laga til eit konsept der me vil prøva å framsstilla kor hardt arbeidet på gardane var i gamle dagar.  De skal få prøva "farmers walk", få løfta tunge steinar, bruka steinbukk, dra stein, mina i stein, kasta greib, kasta øks, klatra i Ninjavegg, på bruskassar og og på stolpe.  

Det heile startar med oppmøte ved låven og ei 3 km lang rundløype der de skal finna 7 ulike postar som de skal løysa.  Svarar de rett,har de koden til ei kiste der det finst ein liten premie.  Turen går i gammalt jærsk kulturlandskap, med skog, lynghei, langs med Håelva og opp på høgste punktet som ligg 163 moh.  Undervegs er det mange fine plasser å stoppa for å eta medbrakt mat eller å leika litt.

Me kan garantera at Steinjillt blir ei minnerik oppleving for både store og små!

Reserver plass

Betingelser for salg