Kontrakt 2021

Kontrakt

Eit andelslandbruk er eit fellesskap mellom bonden og andelshavarane basert på dialog, gjennomsiktig økonomi og delt avling! Andelshavarane bestemmer kva dei vil dyrka, og deler avlinga seg i mellom!

Kontingent 2021:

Medlemskontingenten for 2021 er sett til 2600,- (2260,87- + 15% mva.), med forfall 31.03.21

Varigheit:

Eit medlemsår følgjer kalenderåret, og går automatisk vidare til neste år, viss medlemskapet ikkje seiast opp innan 30.09 i inneverande år.

Kva kontingenten dekkjer:

Løn til bonden, leige av jord, leige av maskinar, jordførebuande tiltak gjort av bonden, leige av toalett og vask, leige av grønsakslager, kostnader til frø og småplanter, handreiskap og sosiale samankomstar.

Deltaking på dugnader:

Andelshavarane forpliktar seg til å stilla opp på 12  dugnadstimar pr år sett opp av bonden.  Det blir ca 30 dugnader og bonden set opp kor mange andelshavarar som trengs til kvar dugnad

Avling:

Avlinga delast likt mellom alle andelshavarane.  Om vi er 40 andelshavarar, og får 80 bøtter poteter, så blir det, ja, 2 bøtter på kvar andelshaver.  Dersom avlinga blir større enn det andelshavarane vil hausta, bestemmer andelshavarane kva dei vil gjera med overskotet.

Haustetider:

Haustetidene vert sette opp av bonden slik at alle veit når det er hausting.  Dersom ein andelshavar ikkje haustar sin andel innan siste haustedag, utan å ha gitt melding, avstår han frå sin andel den omgangen.

Besøk utanom dugnader:

Alle andelshavarane er hjarteleg velkomne på besøk utanom fastsette dugnader og haustetider.  Hadland Andelslandbruk er bonden sin  arbeidsplass, og bonden er ofte oppteken med andre gjeremål på garden, men slår gjerne av en prat med andelshavarane som er på besøk.

Underskrift

Andelhavar                                                                                                     Torvald Hadland