Historikk!

Historikk!

Slekta som bur på garden no er 3.- 4.- og 5. generasjon.  Samanlikna med andre gardar er det ikkje så mykje, men røtene til oss som bur her, er likevel sterkt knytta til garden.

Oldeforeldra mine; Retsius og Karen Gurina Mellomstrand kom frå Bø i Nærbø og kjøpte garden i 1926 og dreiv den til 1938 då besteforeldra mine Torvald og Nanna Hadland overtok.  Dei dreiv garden med hest, ku, gris, sau og høns fram til foreldra mine, Målfrid og Nils Hadland overtok garden i 1968.  Dei dreiv garden med sauehald fram til 2008.  Då overtok, eg Torvald Hadland garden, og har drive den fram til dags dato.  I 2011 traff eg Linda Marie Wank som eg gifta meg med i 2013 og vi fekk Samuel (2012) og tvillingane Selma og Mateus (2015).  Frå tidlegare ekteskap har eg Ina Marie (1992), Ole (1994) og Aksel (1994), samt barnebarn Emile Marie (2017).