Hadland andelslandbruk

Hadland andelslandbruk

Hadland Andelslandbruk starta opp våren 2018 med 25 andelshavarar.  I eit andelslandbruk er det andelshavarane som i fellesskap blir enige om kva som skal dyrkast.  Bonden er fagperson og arbeidsleiar.  Viktige prinsipp er samhald, fellesskap, dugnad og læring om det fantastiske universet under føtene våre; mold!

Medlemskontingenten for 2020 er sett til 2600,- (2260,87- + 15% mva.), med forfall 31.03.20

Eit medlemsår følgjer kalenderåret, og går automatisk vidare til neste år, viss medlemskapet ikkje seiast opp innan 30.09 i inneverande år.