Årshjul

Hadland økologiske gard er ein gard for personar med sosiale- og emosjonelle utfordringar, og personar med generelle-, eller spesifikke vanskar som treng ein alternativ arena for å lukkast med læring og personleg utvikling.

1. Nytteverdi og bakgrunn

Denne typen tiltak, ofte kalla "Grønn Omsorg" er ikkje alltid lett å måla i kroner og øre, eller i skulekarakterar. Kortsiktige måling er ofte vanskeleg å sjå. Langsiktige målingar, gjerne langt inn i det vaksne liv, kan lettare gje målbare resultat. Mange variablar spelar inn, men det viktigaste målet i arbeidet er å gje brukarene så mykje ballast at dei kan lukkast med skule og arbeid, heim og familie.

Min bakgrunn:

Eg er fødd og oppvaksen på Hadland i Time kommune. Aktiv fri-idrettsutøvar frå 1981-1992, dei tre siste åra også aktiv trener i sprint. Lærarhøgskule på Stord frå 1988-1992. Var aktiv i musikkmiljøet på Stord med kurs i norsk-og internasjonal folkedans som trekkspelar. Jobba som lærar i Bergen frå 1992-2007. Jobba i tillegg innan ulike omsorgyrker som fengselsbetjent, miljøterapeut i bofelleskap, samt støttekontakt. La dei siste åra i Bergen grunnlag for satsing på garden som læringsarena med blant anna kursa "Grønn kunnskap til bruk i grønn omsorg", "Gården som pedagogisk ressurs" og "Etablerarkurs for landbruksrelaterte næringer". Hadde Myklestad Gård i Bergen som del av min lærararbeidsplass frå 2004-2007. Lærar på Bryne ungdomsskule frå 2007- 2008. Pedagogisk leiar for "Verkstaden" på BUS skuleåret 2008- 2009. Frå 2009-2017 var eg pedagogisk leiar for Plogen ungdomskuletilbud, ein alternativ skule for ungdomskuleelevar i Jærskulen med omfattande opplæringsbehov. Frå 2017- sjølvstendig næringsdrivande på Hadland økologiske gard med Inn på Tunet tilbod, andelslandbruk og 100 vinterfora sauer.

Min visjon:

Hadland økologiske gard skal vera ein veletablert arbeidsplass og læringsarena for elevar og personar som av ulike grunnar treng tilpassa ein tilpassa arbeidsplass for opplæring og arbeid. Ulike grunnar kan vera sosiale/emosjonelle vanskar/traumar, eller generelle og spesifikke lærevanskar. Stell og pass av dyr, praktisk arbeid og den gode samtalen ved bord og jord er viktig for å lukkast. Samarbeid med heim, skule, behandlarar og det private næringsliv med tanke på framtidige jobbar er også viktig for kontinuitet og utvikling. Hadland økologiske gard skal ha plass til 1-5 brukarar, samt kunna sysselsetja miljøpersonell.

2. Målgruppa og målsetjing

Målgruppa:

Hadland økologiske gard har eit tilrettelagd praktisk/pedagogisk tilbud for personar som ikkje finn seg til rette i skulekvardagen eller i arbeidslivet. Primært er Hadland ein læreplass og øvingsplass for elevar med sosiale- og emosjonelle vanskar, og elevar med generelle-, eller spesifikke lærevanskar. For nokre elevar vil dette vera eit tilbod som går gjennom heile året, og for andre kan det vera nok å vera på garden ein kortare periode. Nokre elevar blir ikkje flinkare på skulen av å ha fleire teoritimar og tilrettelagde undervisningstilbo i skulebygningen. Eg har erfart at desse elevane kan blomstra når dei får gjera praktisk arbeid og koma i kontakt med dyr. Hadland økologiske gard tek også i mot personar som treng tilrettelagt arbeid i eit skjerma, oppbyggjande og inkluderande miljø.

Hadland økologiske gard tek utgangspunkt i læreplanverket og er meint å vera ein alternativ læringsveg for å nå kompetansemåla i KL06.

Målsetjing:

Hadland økologiske gard vil gjennom praktisk arbeid, gjennom kontakt med dyr, og med gode samtalar freista å finna fram til det beste i kvar enkelt person. Motivasjon og meistring er sentrale stikkord i arbeidet. Arbeidet med elevane blir samkjørt med skulen sine planar. Den praktiske erfaringa elevane får gjennom arbeid på garden kan i stort monn kompensera for tapt teoriundervisning på skulen. Viss elevane får læringslyst og tru på seg sjølve, blir resultatet langt meir enn kompensasjon. Dokumentasjon på arbeid og måloppnåing skal synleggjerast i form av bilete, film, logg og mappe.

3. Knaggar i Kunnskapsløftet

(Klipp frå Kunnskapsløftet i kursiv)

Dei grunnleggjande ferdigheitane: å uttrykke seg muntlig, å kunne uttrykke seg skriftlig, å kunne lese, å kunne regne og bruke digitale verktøy. Nokre elevar må ut av klasserommet, finna andre læringsarenaer, gjera praktisk arbeid, få tilbake trua på seg sjølv, før dei kan jobba med dei grunnleggjande ferdigheitane.

Frå innleiinga side 3: Opplæringens mål er å utvide barns, unges og voksnes evner til erkjennelse og opplevelse, til innlevelse, utfoldelse og deltakelse. Dette er sterke ord som nærast oppfordrar oss til å sjå oss om etter nye læringsarenaer og nye metodar i opplæringa.

Ein gard kan gjennom samarbeid, samhandling og kontakt med dyr bidra til å nå opplæringa sine mål.

Generell del:

Det meningssøkende menneske

Elevenes kjennskap til nasjonale og lokale tradisjoner – den hjemlige historie og de særdrag som er vårt bidrag til den kulturelle variasjon i verden.

Når me tenkjer på Norge som for få generasjonar sidan hovudsakeleg var sysselsatt i primærnæringane, plikter me å visa nye generasjonar korleis våre nære forfedre levde og arbeida. Fra 1949 er talet på gardsbruk redusert fra 213.000 til 39621 i 2018, noko som innebær at det gjennomsnittleg blir lagt ned 8 bruk kvar dag. I 1950 var 20% sysselsett i jordbruk, i 2015 var andelen 1,7 % (kilde: Statistisk sentralbyrå).

Det skapende mennesket

– trene både hånd og ånd.

Skulen dreier meir og mer bort fra å trena handa. Skal du bli god på eit instrument, eller god i ein idrett, byrjar du i 7-8 årsalderen. Skal du bli ein god handverkar, eller få eit godt handlag, bør du begynna i denne alderen.

Mye av det barn lærar, henter dei fra å ta etter eldre barn og voksne; ved det blir de sosiale. Skapende evner kommer til uttrykk både i forbedrede maskiner, redskaper og rutiner; i resultater fra arbeid og forskning, i kriterier for vurdering og avveining, i bygninger, malerkunst, musikk, bevegelse og ord.

Kor gjev skulebygningen mulighet for dette i stor grad? Ikkje så mange stadar, og ikkje i særleg stor grad.

Mestring gjennom strev, øvelse av følsomhet og evnen til å uttrykke følelser, kan oppnås både i lek og virke, i glede og alvor.

Kommentar: Elevane må få mulighet til å kombinera dei tre tradisjonene:

  1. Praktisk virke og læring gjennom røynsle
  2. Teoretisk utvikling
  3. Kulturell tradisjon

Eksempelvis må ein tømrer ikke bare være nevenyttig og netthendt, men også vite hva en bjelke tåler av trykk og strekk, og ha standarder for en godt utført jobb og for et vakkert utseende arbeid.

Det arbeidende menneske

Det er et særtrekk ved mennesket at det utprøver, uttrykker og utvikler sine evner i arbeid.

Programfag er skulen sin måte å oppfylla desse måla på. Garden er ein viktig arenafor å fylla alle programfagretningane.

Opplæringen må tilpasses slik at barn og unge får smaken på den oppdagerglede som finnes både i nye ferdigheter, praktisk arbeid, forskning eller kunst.

Det allmenndannede menneske

Mangler referanserammene som kan gi flommen av inntrykk og delkunnskaper mening, blir det hele lett bare flimmer.

Ei undersøkjing (januar 2006) viser at heile 80% av elevene oppgir at dei sjeldan eller aldri følgjer med på det læreren formidlar i klasserommet!

Det samarbeidende menneske

I tidligere tider skjedde en større del av oppfostringen ved at barn og unge direkte tok del i de voksnes praktiske virksomhet for å løse felles oppgaver.

Rita og Tom Tiller har i boka "Den andre dagen" sett fokus på barna sine muligheter til å gjera eller følgja med på foreldra si verksemd då elevane gjekk på skulen annan kvar dag.

De unge står i stor grad utenfor arbeidslivets prosesser, og har i liten grad ansvar for eller kontroll over dem.

Skolen atskilles fra resten av samfunnet og ved at elevene deles i skoleklasser etter alderstrinn. Barn og unge gis liten anledning til å treffe avgjørelser med umiddelbare praktiske virkninger eller med følger for andre, slik at de kan lære av egne tiltak.

Lokalsamfunnet med dets natur og arbeidsliv, er en vital del av skolens læringsmiljø.

I fagopplæringen er det vesentlig at opplæringen skjer i arbeidslivet. Men undervisningen må generelt initiere kontakt til skolens nabolag og gjøre bruk av ressurser som ligger i dens omegn.

Det miljøbevisste menneske

Vårt livsmiljø er blitt stadig mindre bestemt av naturforhold, og mer bestemt av menneskenes eget virke.

Livsstil påvirker helse; vårt lands forbruk forårsaker forurensning i andre land; vårt tids avfall blir neste slektsledds problem.

Vårt levesett har dype og truende virkninger for miljøet.

Opplæringen må fremme glede over fysisk aktivitet og naturens storhet, over å leve i et vakkert land, over landskapets linjer og årstidenes veksling.

Det integrerte menneske

Opplæringen skal bidra til en karakterdannelse som gir den enkelte kraft til å ta hånd om eget liv, forpliktelse overfor samfunnslivet og omsorg for livsmiljøet.

4. Eksempel på organisering

Eksempel på organisering av ein dag med gardsdrift veke 21:

Tidspunkt Innhald
09.00-09.15 Kjøring til garden og på med arbeidstøy. Gjennomgang av dagen. Dagens praktiske gjeremål består av å vega to lam for å følgja utviklinga fra vår til haust. I tillegg skal alle sauene takast inn fra beite.
09.15-11.00
11.00-11.30 Felles lunsj på kjøkkenet
11.30-13.50 Elevane jobbar med matematikkoppgåver tilknytta dagens gjeremål innen emna statistikk og vekteiningar.

Eksempel: Lag eit kurvediagram der du viser kor mykje lamma har lagt på seg på to veker.
Dato Duni, saulam Duno, verlam
04.05 3,6 kg 4,2 kg
11.05 4,0 kg 6,0 kg
18.05 5,6 kg 7,7 kg
13.50-14.00 Oppsummering av dagen og retur til skulen

Slik oppmodar kunnskapsløftet skulen til å finna andre opplæringsarenaer:

Tverrfaglig prosjekt naturfag, k&h og matematikk: Teknologi og design:

"Emnet teknologi og design er et flerfaglig emne med tyngdepunkt i fagene naturfag,matematikk og k&h. Kompetansemålene i de enkelte fag danner utgangspunkt for elevens arbeid. Gjennomføringen av emnet vil i stor grad være prosjektbasert, og skolen bør vurdere om flere fag bør delta i prosjektene [...] elevene utvikle og kommunisere ideer, kartlegge behov, lage skisser, vurdere materialer og tekniske løsninger, se på kostnader, vurdere funksjonalitet og estetikk. I fremstillingsfasen skal elevene velge ut og arbeide med materialer, utstyr, verktøy, komponenter og teknikker. De skal også vurdere produktene og prouksjonsprosessen, og drive markedsføring. I denne prosessen fra ide til produkt, vil arbeidet veksle mellom perioder preget av disse to fasene."

Skuleåret 2019-2020, Hadland økologiske gard:

Aktivitetar som går gjennom heile året: Sauestell, videofilm, andelslandbruket, byggeprosjekt

Veke Aktivitet Fag/emne
34
19.-23. august
  • Bli kjent, gå gjennom sikkerhetsrutiner og rundvandring på garden
  • HMS
    35
    26.-30. august
  • Hausta og luka i andelsåkeren
  • Laga lapskaus av råvarer frå garden
  • Starta opp med gapahuk
  • Mat og helse
    36
    2.-6. september
  • Teambuilding: Ulike øvingar for meistring og samhald
  • Jobba med gapahuk
  • Kroppsøving
    37
    9.-13. september
  • Vega lam, senda til slakthuset
  • Jobba med gapahuk
  • Matematikk, statistikk, søylediagram
    38
    16.-20. september
  • Plukka hasselnøtter
  • Jobba med gapahuk
  • Teknologi og design
    39
    23.-27. september
  • Retur av lammeslakt og fruktplukking
  • Salting og tørking av kjøt
  • Laga kjøtsuppe
  • Lage syltetøy, eplemost, eplepai
  • Konserveringsmetodar frå gamle dagar
    40
    30. september-4. oktober
  • Fornybar energi:
  • Laga dam i bekken
  • Setja opp vasshjul i bekken, måle energi
  • Læra om fornybar energi
    41
    7.-11. oktober
  • Haustferie
  • 42
    14.-18. oktober
  • Fornybar energi
  • Laga ulike typer vindmøller
  • Måle energi
  • Lage vass rakett
  • Teknologi og design
    43
    21.-25. oktober
  • Planleggja frukthage i andelsåkeren
  • Mat og helse
    44
    28. oktober-1. november
  • Klippe sauer
  • Sortering og handsaming av ull
  • Begynne å gå med veren
  • Kunst og handverk
    45
    4.-8. november
  • Rydda tre der frukthagen kjem
  • Natur og miljø
    46
    11.-15. november
  • Byggja fuglekassar til staren, 16 stk på telefonstolpe
  • Kunst og handverk, teknologi og design, natur og miljø
    47
    18.-22. november
  • Rydda og klargjera andelsåkeren for vinteren
  • Naturfag, årstidene
    48
    25.-29. november
  • Førebu jula
  • Baka flatbrød
  • Baka potetkaker med smør og fenalår til
  • Tradisjonell brødbakst på helle
    49
    2.-6. desember
  • Rydda til frukthagen
  • Naturfag
    50
    11.-15. desember
  • Klarggjera frukthagen
  • Naturfag
    51
    16.-20. desember
  • Juleavslutning
  • Siste skuledag før jul fredag 20. desember
  • HMS
    1
    2.-3. januar
  • 1. Skuledag 2020 torsdag 2. januar
  • Rydde skog
  • Kjøra heim ved
  • Kulturhistorie
    2
    6.-10. januar
  • Rydda skog ved Idlemyr
  • Bevara kulturlandskapet
    3
    13.-17. januar
  • Rydda skog ved Idlemyr
  • Teknologi og design
    4
    20.-24. januar
  • Saga ned tre i nøre Loen
  • Teknologi og design
    5
    27.-31. januar
  • Saga ned tre i nøre Loen, saga opp i høvelege lengder
  • Matematikk
    6
    3.-7. februar
  • Planleggja og tinga frø til andelslandbruket
  • Naturfag
    7
    10.-14. februar
  • Varmeutvinning frå gjødselkjellaren
  • Vi gjer forsøk med gjødsel som energi
  • Fornybar energi
    8
    17.-21. februar
  • Bli kjent med ulike fugleartar, igjenkjenna fuglelydar i skogen, hengja opp fuglekassane
  • Naturfag
    9
    24.-28. februar
  • Vinterferie
  • 10
    2.-6. mars
  • Vedlikehald av gjerder, rydda kulturlandskapet
  • Kulturlandskap
    11
    9.-13. mars
  • Så og prikla i drivhuset
  • 12
    16.-20. mars
  • Gjera klar til lamming på låven
  • Ominnreia låven til fødetove
  • 13
    23.-27. mars
  • Klargjering til lammesesongen, laga lister
  • Sammfunnsfag
    14
    30. mars-3. april
  • Lamming
  • Buldring
  • Klatre og rapellere
  • Vega eit tvillingpar kvar veke for å følgja utviklinga
  • Naturfag
    15
    6.-10. april
  • Påskeferie
  • 16
    13.-17. april
  • Lamming
  • Pløya og harva andelsåkeren
  • Naturfag
    17
    20.-24. april
  • Leita etter hesjestauremner
  • Kjøra heim staur
  • Skava og setja staur til tørking
  • Kulturhistorie
    18
    27. april-1. mai
  • Fornybar energi
  • Laga solcellepanel
  • Måle energi
  • Fornybar energi
    19
    4.-8. mai
  • Møkkakjøring
  • Rydda jorda for stein
  • Leggja ut sauene for sommaren
  • Naturfag
    20
    11.-15. mai
  • Oppstart steinprosjekt, laga veg i Kattungbakken
  • Møkkakjøring
  • Finna fram høvelege steinar
  • Grava bort jord for å få godt fundament
  • Teknologi og design
    21
    18.-22. mai
  • Laga steinmur
  • Bruke steinbukk
  • Plante ut alt som har stått i drivhuset
  • Sette poteter
  • Møkkakjøring
  • Naturfag
    22
    25.-29. mai
  • Halda fram med å laga steinmur
  • Bruke steinbukk
  • Naturfag
    23
    1.-5. juni
  • Slå gras med ljå
  • Setja opp hesjer
  • Kulturhistorie
    24
    8.-12. juni
  • Slå gras med ljå
  • Setja opp hesjer
  • Kulturhistorie
    25
    15.-19. juni
  • Siste skuledag før sommarferien fredag 19. juni